2004 – New York City, USA

Medan eg budde i New York frå August til November 2004, laga eg fotoalbum frå Times Square, Staten Island-ferja og den årlege Greenwich Village Halloween Parade.
Times Square

På det meste av Manhattan er det eit rutenett-system med parallelle gater aust-vest og avenyar nord-sør. Broadway er eit av unntaka, og går på skrå nedover heile Manhattan og lager uorden i systemet. Times Square er der Broadway kryssar 7th Avenue.

10 bilete.

Staten Island-ferja

Frå sørspissen av Manhattan går det ei gratis ferje til ein annan del av New York, Staten Island. Frå ferja har ein flott utsikt mot Manhattan, Brooklyn, New Jersey og Fridomsgudinna.

10 bilete.

Greenwich Village Halloween Parade

Sidan 1974 har det vore ein Halloween-parade i Greenwich Village/Chelsea på Manhattan. Paraden går nordover på 6th Avenue, frå Spring Street til 22nd Street.

10 bilete.