2004 – Ontario, Canada

Helga før Halloween reiste eg frå New York til Toronto i delstaten Ontario i Canada. Derifrå reiste eg vidare til Niagara Falls, som ligg på grensa mot USA.
Toronto

Toronto har, med sine 4 millioner innbyggarar, sidan 1970-talet vore den største byen i Canada. Byen er hovudstad for delstaten Ontario, og er vel mest kjent for verdas høgaste byggverk, CN Tower.

11 bilete.

Niagarafalla

Niagara Falls ligg på grensa mellom Canada og USA, og er ein av dei aller største turistattraksjonane i Nord-Amerika. Fossen kan sjåast frå båtar som går heilt inn i dei frådande vassmassane, helikopter som flyr over, tunnelar som går under fossen og frå fleire observasjonstårn.

11 bilete.