Tallinn

2003 – Estland

Eg reiste tilbake til Estland i oktober og desember, etter mi rundreise i Baltikum i august 2003.
Kadriorgslottet, Tallinn

Rett før jul reiste eg til Tallinn for å gjere unna innkjåp av julegåver, og treffe igjen Anton som eg møtte sist eg var der. Saman var vi ein tur til Kadriorgslottet litt utanfor byen.

10 bilete.

Haust i Tallinn

To månader etter at eg var innom der på somarferien min, returnerte eg i oktober til Tallinn for ein helgetur. Byen er faktisk enda vakrare om hausten når haustfargane set sitt preg på byen.

10 bilete.

Trakai

2003 – Nordisk og baltisk rundtur

Frå den 31. juli til den 24. august reiste eg på bilferie rundt Austersjøen. Eg køyrde gjennom 10 ulike land, og overnatta i 8 byar; Stockholm, Helsinki, Tallinn, Riga, Vilnius, Minsk, Kaliningrad og København.
Stockholm, Sverige

Første stopp på ferien var i Stockholm, der eg var i tre dagar. Eg var der under avsluttinga av Stockholm Pride, så eg fekk med meg paraden på laurdagen.

19 bilete.

Helsinki, Finland

Frå Stockholm tok eg ferja over til Helsinki i Finland.

14 bilete.

Tallinn, Estland

Ein kort ferjetur tok meg over til Tallinn, hovedstaden i Estland. Tallinn er ein hyggeleg by med ein godt preservert gamleby.

14 bilete.

Riga, Latvia

Riga er ca 4 timars køyring frå Tallinn. Riga er ein relativt stor by med nesten ein million innbyggjarar, og også der er det ein koseleg gamleby.

17 bilete.

Vilnius, Litauen

Litauen er det mest folkerike av dei tre baltiske statane, men det er likevel mindre enn 4 millionar menneske i dette landet.

17 bilete.

Minsk, Kviterussland

Vilnius ligg berre ein halvtimes køyring frå grensa mot Kviterussland, så eg måtte ta ein tur dit også. Kviterussland er eit av dei få attverande kommunistlanda, og byråkatiet var merkbart frå første stund. Det tok 90 minutt å komme gjennom grensekontrollen.

17 bilete.

Kaliningrad, Russland

Kaliningrad er ein by med nesten ein halv million menneske, i ein liten enklave mellom Polen og Litauen, adskilt frå resten av Russland. Kaliningrad er ein av dei styggaste byane eg har sett.

18 bilete.

København, Danmark

Frå Kaliningrad køyrde eg til Polen og tok ei ferje derfrå til København, der eg var dei siste dagane av ferien. Deretter køyrde eg til Oslo via Øresundbrua som går mellom Danmark og Sverige.

11 bilete.

Brooklyn Bridge

2003 – USA

Eg vitja New York att i juni 2003. Denne gongen gjekk eg over Brooklyn Bridge og utforska Downtown Manhattan, inkludert Ground Zero, nesten to år etter terroråtaka.
New York City

På denne turen gjekk eg over Brooklyn Bridge og utforska Downtown Manhattan, inkludert Ground Zero, nesten to år etter terroråtaka.

14 bilete.

Blue Lagoon

2003 – Island

Eg var på Island to gongar i 2003, først den siste helga i mai, og deretter i november. Begge gongane budde eg i Reykjavik, og på den første turen vitja eg også Þingvellir, Gullfoss og Geysir.
Reykjavik

Berre nokre månadar etter at eg var på Island første gong, returnerte eg for meir saman med ein kamerat. Vi vitja den Blå Lagunen to gongar i løpet av turen den første helga i november.

10 bilete.

Reykjavik og innlandet

Den siste helga i mai vitja eg Reykjavik, Þingvellir, Gullfoss og Geysir på Island.

23 bilete.

Vindenes

2003 – Norge

Den 8. april fekk søstera mi ei dotter, og veka etter reiste eg for å vitja dei to og resten av familien på vestlandet.
Sotra

Øya Sotra ligg rett vest for Bergen.

12 bilete.

Rabat

2003 – Morocco

Eg hadde ein ferie på ei veke i Marokko saman med Christopher i slutten av mars - den første veka av krigen i Irak. Vi vitja Casablanca, Marrakesh og Rabat.
Casablanca

Det meste av tida var vi i Casablanca - den største byen (offisielt over 3 millionar menneske, uoffisielt endå meir) og handelssentrum i landet. Den første velkomsten stod ein lommetjuv for.

22 bilete.

Rabat

Rabat, hovedstaden i Marokko, ligg berre ein times togtur frå Casablanca. Byen er mindre, meir fredfull og reinare. Vi utforska medinaen og kasbahen og såg på ulike offentlege bygningar.

26 bilete.

Marrakesh

Medan Rabat og Casablanca ligg ved kysten, ligg Marrakesh i høglandet, ved Atlasfjellene. Den nye delen av byen verkar faktisk meir sivilisert enn Casablanca, men medinaen er ganske stor og ein interessant stad å utforske.

15 bilete.

Brussels

2003 – Belgia

Den første helga i 2003 reiste eg til hovedstaden i Europa, Brüssel. Byen har definitivt meir å by på enn trøtte byråkratbygningar.
Brüssel

Brüssel er hovudstaden i Belgia og vert for EU-kommisjonen, EU-parlamentet og hovudkvarteret til NATO. Men byen har definitivt meir by på enn trøtte byråkratbygningar.

17 bilete.