Oslo

2004 – Oslo, Norge

I desember 2004 flytta eg midlertidig tilbake til Oslo for å gifte meg der.
Bryllaupet

Eg gifta meg med Anton Dimitrov den 11. desember 2004.

21 bilete.

Toronto

2004 – Ontario, Canada

Helga før Halloween reiste eg frå New York til Toronto i delstaten Ontario i Canada. Derifrå reiste eg vidare til Niagara Falls, som ligg på grensa mot USA.
Toronto

Toronto har, med sine 4 millioner innbyggarar, sidan 1970-talet vore den største byen i Canada. Byen er hovudstad for delstaten Ontario, og er vel mest kjent for verdas høgaste byggverk, CN Tower.

11 bilete.

Niagarafalla

Niagara Falls ligg på grensa mellom Canada og USA, og er ein av dei aller største turistattraksjonane i Nord-Amerika. Fossen kan sjåast frå båtar som går heilt inn i dei frådande vassmassane, helikopter som flyr over, tunnelar som går under fossen og frå fleire observasjonstårn.

11 bilete.

Manhattan

2004 – New York City, USA

Medan eg budde i New York frå August til November 2004, laga eg fotoalbum frå Times Square, Staten Island-ferja og den årlege Greenwich Village Halloween Parade.
Times Square

På det meste av Manhattan er det eit rutenett-system med parallelle gater aust-vest og avenyar nord-sør. Broadway er eit av unntaka, og går på skrå nedover heile Manhattan og lager uorden i systemet. Times Square er der Broadway kryssar 7th Avenue.

10 bilete.

Staten Island-ferja

Frå sørspissen av Manhattan går det ei gratis ferje til ein annan del av New York, Staten Island. Frå ferja har ein flott utsikt mot Manhattan, Brooklyn, New Jersey og Fridomsgudinna.

10 bilete.

Greenwich Village Halloween Parade

Sidan 1974 har det vore ein Halloween-parade i Greenwich Village/Chelsea på Manhattan. Paraden går nordover på 6th Avenue, frå Spring Street til 22nd Street.

10 bilete.

Svalbard

2004 – Svalbard, Norge

Eg vitja Svalbard heilt i slutten av mai 2004. Svalbard som ligg omtrent midt mellom det norske fastlandet og nordpolen, har midnattssol i omlag fire månader om sommaren. I tillegg til dei norske busetnadene på øygruppa er det også ein russisk busetnad og ein liten polsk stasjon.
Longyearbyen

Longyearbyen er den største busetnaden og administrativt sentrum for øygruppa.

24 bilete.

Ayia Napa

2004 – Kypros

Eg kom til Kypros to dagar etter at gresk-kypriotane i sør hadde avvist framlegget frå FN og EU om å gjenforeine dei to delane av øya, og dermed stoppa dei tyrkisk-kypriotane frå bli med resten av Kypros inn i EU ei veke seinare, den 1. mai. Eg budde i Ayia Napa, men vitja også Lefkosia (Nicosia), verdas einaste hovedstad som framleis er delt.
Ayia Napa

Eg budde i turistfella Ayia Napa. Om sommaren blir denne byen fylt av unge partymennesker, men dette hadde ikkje tatt heilt av på den tida eg var der. Midt i byen ligg eit kloster og ein liten park som er ein stille oase mellom alle utestadane.

12 bilete.

Greske Kypros

Eg køyrde rundt på øya og utforska mellom anna havnebyen Polis heilt i vest, Pyla, Larnaca, Kapp Greco og hovedstaden Lefkosa (Nicosia).

18 bilete.

Tyrkiske Kypros

Tyrkia invaderte Kypros i 1974, og landet vart delt i to. Tyrkarane kallar det ein redningsoperasjon, medan grekarane kallar det ein invasjon og ulovleg okkupasjon. Eg reiste inn i territoriet i Lefkosia, og fortsatte turen nord til kysten.

15 bilete.

FN-sona

FN har kontrollen i ei sone som går langs heile grensa mellom grekarane og tyrkarane. Denne sona er opp til fleire kilometer vid, og på eit kort stykke i Nicosia er det ingen buffer i det heile, berre ein høg mur.

11 bilete.

Lisbon

2004 – Portugal

I mars 2004 var eg 3 dagar i Lisboa, hovedstaden i Portugal.
Lisboa

I Lisboa utforska eg sentrum av byen, den historiske bydelen Belém og sørsida av elva Tejo, der den kjente Cristo-Rei-statuen står..

15 bilete.

Moscow

2004 – Moskva, Russland

Eg var i Moskva i februar 2004. Det som imponerte mest var metroen. Stasjonane er praktfullt dekorerte med marmorgolv, måleri på veggane, statuar og lysekroner.
Byen

I sentrum av Moskva ligg Kreml. Bak dei italienskbygde murane satt ein gong gamle menn som holdt verdas skjebne i sine skrukkete hender. Byen er også kjent for St. Basil-katedralen med sine fargerike kuplar.

14 bilete.

Metroen

Det som imponerte mest i Moskva var Metroen. Det er ein slåande kontast til undergrunnsbanene i vestlege storbyar. Og billeg er han også.

8 bilete.