Tulum

2010 – Mexico

Eg for til Mexico to gongar i 2010, først til aust- og deretter til vest-kysten.
Tulum

Tulum er ein av dei siste byane som vart bygd av Maya-indianarane, og er i dag ein av dei best verna mayabyane på Yucatán-halvøya.

12 bilete.

Mazatlan

Eg var i land i Mazatlan medan eg var på eit cruise frå Los Angeles til den meksikanske rivieraen.

10 bilete.

Ottawa

2010 – Canada

I august leigde eg ein bil og køyrde til Canada.
Quebec City, Quebec

Quebec er ein av dei eldste byane i Amerika, og den einaste omringa av festningsmurar som står att nord for Mexico.

33 bilete.

Montmorency-fossefalla, Quebec

Omlag 12 kilometer nordaust for byen Quebec ligg dei 84 meter høge Montmorency-fossefalla.

13 bilete.

Ottawa, Ontario

Ottawa er hovudstad i Canada og den fjerde største byen i landet. Medan Ottawa ligg i den engelskspråklege delstaten Ontario, ligg tvillingbyen Gatineau (på andre sida av Ottawa-elva) i den franskspråklege delstaten Quebec.

22 bilete.

Sao Paulo

2010 – Brasil

Eg var rundt ei veke i Brasil i mars 2010.
Rio de Janeiro

Rio de Janeiro er den nest største byen i Brasil. Utsikta frå dei mange fjella er spektakulær.

21 bilete.

São Paolo

São Paulo er den største byen på den sørlege halvkula, med nesten 20 millionar menneske i byregionen.

12 bilete.

Buenos Aires

2010 – Argentina

Eg var ein tur til Argentina våren 2010.
Buenos Aires

Buenos Aires er hovudstad og den største byen i Argentina. Det er også den nest største byen i Sør-Amerika. Byen er kjent for europeisk arkitektur og eit rikt kulturliv.

31 bilete.