Swaziland

2007 – Swaziland

Frå Mosambikk køyrde eg til nabolandet Swaziland, der målet var ein av dei beste private viltreservata.
Landsbygda

Det er berre nokre få byar i Swaziland, og dei er ikkje store. Folk flest bur på landsbygda.

9 bilete.

Mkhaya viltreservat

Mkhaya viltreservat vart oppretta av Reilly-familien i 1979 for å gje vern til utryddingstrua dyreartar.

21 bilete.

Maputo

2007 – Mosambikk

På mi rundreise i det sørlege Afrika var eg nokre dagar i Mosambikk, eit av dei fattigaste landa i verda.
Maputo

Maputo er ein millionby ved det indiske hav.

12 bilete.

Cape Town

2007 – Sør-Afrika

Sør-Afrika var base for ferien min i det sørlege Afrika dei to siste vekene i mars 2007. Eg budde i Pretoria, Johannesburg og Cape Town.
Pretoria

Frå det eg hadde lest om byen, hadde eg venta ein "roleg og velståande by med breide avenyar med jakaranda-tre". Slik var det kanskje ein gong i tida.

10 bilete.

Cape Town

Nesten fem år etter mi første vitjing til denne byen, kunne eg konstatere at byen framleis er like vakker.

19 bilete.

Victoria  Falls

2007 – Zimbabwe

Eg var ein dag i Zimbabwe for å sjå ein av dei største attraksjonane i Afrika, Victoriafalla.
Victoria Falls village

Victoria Falls landsby ligg berre ein kilometer frå fossefalla.

11 bilete.

Viktoriafalla

Victoriafalla er den største fossen i verda, dersom ein måler areal (lengd gangar høgd) på det fallande vatnet.

11 bilete.

VIctoria Falls

2007 – Zambia

Frå Zimbabwe kryssa eg Victoria Falls-brua over til Zambia for å sjå falla frå den zambiske sida.
Viktoriafalla

Den søraustlege delen av Victoriafalla ligg i Zambia.

10 bilete.

Rabat

2003 – Morocco

Eg hadde ein ferie på ei veke i Marokko saman med Christopher i slutten av mars - den første veka av krigen i Irak. Vi vitja Casablanca, Marrakesh og Rabat.
Casablanca

Det meste av tida var vi i Casablanca - den største byen (offisielt over 3 millionar menneske, uoffisielt endå meir) og handelssentrum i landet. Den første velkomsten stod ein lommetjuv for.

22 bilete.

Rabat

Rabat, hovedstaden i Marokko, ligg berre ein times togtur frå Casablanca. Byen er mindre, meir fredfull og reinare. Vi utforska medinaen og kasbahen og såg på ulike offentlege bygningar.

26 bilete.

Marrakesh

Medan Rabat og Casablanca ligg ved kysten, ligg Marrakesh i høglandet, ved Atlasfjellene. Den nye delen av byen verkar faktisk meir sivilisert enn Casablanca, men medinaen er ganske stor og ein interessant stad å utforske.

15 bilete.

Cape Town

2002 – Sør-Afrika

I oktober 2002 var eg på ferie i Sør-Arika. Mesteparten av tida var eg i Cape Town, men reiste også til nærtliggjande Kapp det Gode Håp, Simonstown og Stellenbosch, samt Sun City og Johannesburg som ligg lenger unna.
Cape Town

Eg var dei første fem og dei siste fem dagane av ferien i og rundt Cape Town. Table Mountain midt i byen er med på å gjere denne byen til noko spesielt.

33 bilete.

Kapp-halvøya

Kapp det Gode Håp på sørspissen av Kapp-halvøya har vill og vakker natur og eit interessant dyreliv. Ein koloni bavianar held til der, og i sjøen er det kval og pingvinar.

16 bilete.

Stellenbosch

Stellenbosch er den nest eldste (etter Cape Town) av byane som vart grunnlagt av europearar i Sør-Afrika. Byen ligg i landets fremste vin-distrikt, berre 40 minuttars køyretur frå Cape Town. Eg reiste dit på ein dagstur.

11 bilete.

Johannesburg

Johannesburg er den største byen i landet. Kriminaliteten har auka mykje dei siste åra, og tilreisande vert råda frå å gå åleine i sentrum - sjølv på dagtid. Medan eg var der, vitja eg også i Soweto.

14 bilete.

Sun City

Sun City vart sluttført i 1992, og kan vel samanliknast med Las Vegas. Dette paradiset ligg ein 2 timars køyretur frå Johannesburg (om ein veit vegen - vegskilt kan ein i alle fall ikkje navigere etter).

14 bilete.

Pilanesberg

Pilanesberg nasjonalpark ligg like ved Sun City, og her skal ein kunne finne både løve, leopard, elefant, vassbøffel og nashorn.

16 bilete.

Walvis Bay

2002 – Namibia

Eg vitja dette vakre landet i oktober 2002. Landet har nokre flotte byar, eit variert dyreliv og god plass. Eg var med på eit tandem fallskjermhopp medan eg var i Namibia også.
Windhoek

Eg kom til landet via Windhoek, men køyrde straks vidare mot kysten. To dagar seinare kom eg tilbake, og hadde ei overnatting her. Ein utruleg vakker by, spesielt om våren.

11 bilete.

Namib-ørkenen

Eg starta med å køyre gjennom høglandet, gjennom ørkenen ut mot kysten. Eg tok meg også tid til å oppsøke den spesielle walwitchia-planta og til å hoppe i fallskjerm over ørkenen.

20 bilete.

Vestkysten

Byane Walvis Bay og Swakopmund er sterkt tysk-inspirerte. Walvis Bay er heim for halvparten av flamingoane i det sørlege Afrika, og ved Cape Cross er det ein stor sel-koloni.

18 bilete.

Roque Nublo

2002 – Gran Canaria

Saman med tre kameratar frå Norge, var eg i august 2002 på ferie på Gran Canaria, utanfor vestkysten av Afrika.
Roque Nublo

Vi leigde ein bil og køyrde til fjellet Roque Nublo midt på øya.

13 bilete.

Mount Sinai

2000 – Egypt

I desember 2000 var eg to veker i Egypt saman med André for å komme bort frå den kalde norske vinteren.
Sharm el-Sheikh

Mesteparten av tida var vi i Sharm el-Sheikh på Sørspissen av Sinai-halvøya.

11 bilete.

Dahab

Ein times busstur frå Sharm el-Sheikh ligg hippiebyen Dahab.

8 bilete.

Jabal Musa

Ei natt gjekk vi til toppen av Jabal Musa, der Moses skal ha mottatt dei ti boda. Vi såg soloppgangen for så å gå ned igjen til Katherina-klosteret.

15 bilete.