Cape Town

2007 – Sør-Afrika

Sør-Afrika var base for ferien min i det sørlege Afrika dei to siste vekene i mars 2007. Eg budde i Pretoria, Johannesburg og Cape Town.
Pretoria

Frå det eg hadde lest om byen, hadde eg venta ein "roleg og velståande by med breide avenyar med jakaranda-tre". Slik var det kanskje ein gong i tida.

10 bilete.

Cape Town

Nesten fem år etter mi første vitjing til denne byen, kunne eg konstatere at byen framleis er like vakker.

19 bilete.

Cape Town

2002 – Sør-Afrika

I oktober 2002 var eg på ferie i Sør-Arika. Mesteparten av tida var eg i Cape Town, men reiste også til nærtliggjande Kapp det Gode Håp, Simonstown og Stellenbosch, samt Sun City og Johannesburg som ligg lenger unna.
Cape Town

Eg var dei første fem og dei siste fem dagane av ferien i og rundt Cape Town. Table Mountain midt i byen er med på å gjere denne byen til noko spesielt.

33 bilete.

Kapp-halvøya

Kapp det Gode Håp på sørspissen av Kapp-halvøya har vill og vakker natur og eit interessant dyreliv. Ein koloni bavianar held til der, og i sjøen er det kval og pingvinar.

16 bilete.

Stellenbosch

Stellenbosch er den nest eldste (etter Cape Town) av byane som vart grunnlagt av europearar i Sør-Afrika. Byen ligg i landets fremste vin-distrikt, berre 40 minuttars køyretur frå Cape Town. Eg reiste dit på ein dagstur.

11 bilete.

Johannesburg

Johannesburg er den største byen i landet. Kriminaliteten har auka mykje dei siste åra, og tilreisande vert råda frå å gå åleine i sentrum - sjølv på dagtid. Medan eg var der, vitja eg også i Soweto.

14 bilete.

Sun City

Sun City vart sluttført i 1992, og kan vel samanliknast med Las Vegas. Dette paradiset ligg ein 2 timars køyretur frå Johannesburg (om ein veit vegen - vegskilt kan ein i alle fall ikkje navigere etter).

14 bilete.

Pilanesberg

Pilanesberg nasjonalpark ligg like ved Sun City, og her skal ein kunne finne både løve, leopard, elefant, vassbøffel og nashorn.

16 bilete.