Ayia Napa

2004 – Kypros

Eg kom til Kypros to dagar etter at gresk-kypriotane i sør hadde avvist framlegget frå FN og EU om å gjenforeine dei to delane av øya, og dermed stoppa dei tyrkisk-kypriotane frå bli med resten av Kypros inn i EU ei veke seinare, den 1. mai. Eg budde i Ayia Napa, men vitja også Lefkosia (Nicosia), verdas einaste hovedstad som framleis er delt.
Ayia Napa

Eg budde i turistfella Ayia Napa. Om sommaren blir denne byen fylt av unge partymennesker, men dette hadde ikkje tatt heilt av på den tida eg var der. Midt i byen ligg eit kloster og ein liten park som er ein stille oase mellom alle utestadane.

12 bilete.

Greske Kypros

Eg køyrde rundt på øya og utforska mellom anna havnebyen Polis heilt i vest, Pyla, Larnaca, Kapp Greco og hovedstaden Lefkosa (Nicosia).

18 bilete.

Tyrkiske Kypros

Tyrkia invaderte Kypros i 1974, og landet vart delt i to. Tyrkarane kallar det ein redningsoperasjon, medan grekarane kallar det ein invasjon og ulovleg okkupasjon. Eg reiste inn i territoriet i Lefkosia, og fortsatte turen nord til kysten.

15 bilete.

FN-sona

FN har kontrollen i ei sone som går langs heile grensa mellom grekarane og tyrkarane. Denne sona er opp til fleire kilometer vid, og på eit kort stykke i Nicosia er det ingen buffer i det heile, berre ein høg mur.

11 bilete.