Santiago

2001 – Chile

Eg var tre dagar i Chile, og var innom byane Santiago, Valparaiso og Vina del Mar. Eg likte verkeleg godt det eg fekk sjå av dette landet. Her skal eg tilbake snart!
Santiago

Turen min til Chile både starta og slutta i hovedstaden, Santiago. Eg vart svært positivt overraska over denne flotte byen.

23 bilete.

Valparaíso

Valparaíso ligg ved stillehavskysten, berre ein to timars busstur frå Santiago. Medan presidenten og det meste av statsmakta held til i Santiago, er kongressen i Valparaíso.

12 bilete.

Viña del Mar

Viña del Mar ligg berre ti kilometer nord for Valparaíso, og denne byen er mest kjend for sine strender. Dette er ein moderne by med mange turistar både frå Chile og nabolanda.

7 bilete.

Rio de Janeiro

2001 – Brasil

Eg var i Brasil i litt over ei veke. Mesteparten av tida var eg i Rio de Janeiro, men eg var også innom São Paulo og Foz do Iguacu.
Rio de Janeiro

Eg var seks dagar i Rio. Mesteparten av tida gjekk med til soling på stranda, men eg var også opp til toppen av Corcovado-fjellet med den kjende Kristus-statuen, Cristo Redentor.

28 bilete.

São Paulo

I São Paulo var eg berre ein dag, og brukte mesteparten av tida her til å gå rundt i denne byen med 20 millionar innbyggjarar.

18 bilete.

Ciudad del Este

2001 – Paraguay

Medan eg var på ferie i Sør-Amerika i november 2001, tok eg ein snartur innom grensebyen Ciudad del Este i Paraguay.
Ciudad del Este

Ciudad del Este ligg like ved Foz do Iguaçu, Brasil, og der den nest største byen i Paraguay.

16 bilete.

Uruguay

2001 – Uruguay

Eg reiste til Montevideo i Uruguay for å tilbringe nokre dagar på stranda. Det viste seg å vere eit mistak. Stranda der var den verste eg har sett.
Montevideo

Hovedstaden i Uruguay, Montevideo, ligg ved utløpet av Río de la Plata.

9 bilete.

Buenos Aires

2001 – Argentina

I november 2001 hadde eg ein tre vekers ferie i Sør-Amerika.
Buenos Aires

Turen både starta og enda i Buenos Aires - hovedstaden i Argentina. Eg var innom byen tre gongar.

21 bilete.

Iguassúfallene

Eg var også ein tur til Iguassúfallene heilt nord i Argentina, ved byen Puerto Iguazu. Dette er noko av dei mest imponerande fossefalla i verda.

17 bilete.