2004 – Kypros

Ayia Napa

Eg budde i turistfella Ayia Napa. Om sommaren blir denne byen fylt av unge partymennesker, men dette hadde ikkje tatt heilt av på den tida eg var der. Midt i byen ligg eit kloster og ein liten park som er ein stille oase mellom alle utestadane.

Greske Kypros

Eg køyrde rundt på øya og utforska mellom anna havnebyen Polis heilt i vest, Pyla, Larnaca, Kapp Greco og hovedstaden Lefkosa (Nicosia).

Tyrkiske Kypros

Tyrkia invaderte Kypros i 1974, og landet vart delt i to. Tyrkarane kallar det ein redningsoperasjon, medan grekarane kallar det ein invasjon og ulovleg okkupasjon. Eg reiste inn i territoriet i Lefkosia, og fortsatte turen nord til kysten.

FN-sona

FN har kontrollen i ei sone som går langs heile grensa mellom grekarane og tyrkarane. Denne sona er opp til fleire kilometer vid, og på eit kort stykke i Nicosia er det ingen buffer i det heile, berre ein høg mur.

Leave a Reply


Connect with Facebook

*